Båtplassen avgjorde huskjøpet

Båtplassen og naustet var hovudargumentet for at vi kjøpte oss hus her, slår Christine Sunde fast. Frå stoveglaset i tomannsbustaden har ho flott utsikt over Solheimsfjorden, og til båtplassen, naustet og badeplassen som ligg eit steinkast unna. Familien på 4 flytta inn i splitter nytt hus i 2019 – og er strålande fornøgde med valet.

Eg er ein ekte Havrenesing som har forvilla meg inn her til Instetunet, ler Christine – og fortel at det er stor forskjell på klimaet. Det er heilt utruleg kor mykje varmare og lunare det er her, spesielt når nordavinden tek tak lenger vest i Florø. Her kan vi sprade rundt i sommarkle, men skal vi ein tur til byen eller på Brandsøyåsen, så er det berre å kle på seg.

Sosialt uteliv
Vi har faktisk ete utruleg mange måltid ute, fortel ho, og viser til ein romsleg terrasse med plass til både bålpanne, sittegruppe og leikeplass til dei to gutane på 2 og 5 år. Det er fleire småbarnsfamiliar som har etablert seg her – og vi har det sosialt veldig kjekt i lag. Når koronaen no slepper taket, satsar vi på endå fleire samlingar med gode vener både på terrassen og i naustet. I tillegg til naust og båtplassar er det og laga til ei flott lita badestrand, og her har vi og ungane storkosa oss.

Kosebu og lagerplass
Christine og sambuaren er begge opptatt av sjøen, og hiv seg gjerne utpå for å dykke eller berre ein kjapp tur med vannscooteren. Det er den kjappaste måten for å få seg ein luftetur, men vi har båt i tillegg. Vi er veldig glade i å fiske og ikkje minst teinefiske etter krabbe. Naustet som stod ferdig i januar i år, har familien store planar for. For oss blir det lagerplass på vinteren og ein sosial samlingsplass om sommaren. Krabbefest på bua – med sjølvfiska mat – blir garantert ein suksess. Lagerplass blir det aldri for mykje av smiler småbarnsmora og viser til andre etasjen på naustet. Det blir som ei ekstra utebod.

Naust og båtplass i Instetunet - fanevik.no

STOLT UTBYGGAR

Finaste anlegget i Florø

Kjell Sigdestad i Fanevik Bygg og Fanevik Tomteutbygging fortel at dei er svært fornøgde med det dei har fått til, og ser at det er attraktivt for folk som etablerer seg i Florø. Båthamna ligg godt skjerma med ein solid molo og bølgedempar mot austavêret. Det er mange i Florø som kan tenke seg ein slik plass, men vi prioritetar dei som bur i Instetunet, og kundane våre som bur i nabofelta.

Vi har sjølvsagt sett av naust og båtplassar til nye kundar, som ønskjer å kjøpe hus eller leiligheiter av Fanevik Tomteutbygging i Nordre Instetunet

Når anlegget er ferdig har vi

  • 29 naust, som kvar er på 20 – 25 m²
  • Innlagt straum og vatn til kvar naustrekke
  • Felles kaifront langs naustrekkene
  • Felles slipp, med dreneringskum som samlar opp bunnstoffrestane
  • Teknisk bygg med plass til verktøy og høgtrykkspyler
  • 45 – 50 båtplassar i ei lun hamn
  • Barnevennleg badeplass

Båtplass og naust er sjølveigande

Kontakt oss
for ein uforpliktende prat