• Instetunet - kåra til eit av dei tre beste småhusprosjekta i Norge

Moderne einebustader med flott sjøutsikt og eigen båtplass

Unik sjanse i Nordre Instetunet 20 – 34

Moderne einebustader i rekke med fjordutsikt og eigen båtplass, ligg lunt til på Solheim i Florø. Tett på fjord og fjell!

Lunt og sjønært, med sjøutsikt og båtplass
Nordre Instetunet er eit nytt og spennande bustadprosjekt med einebustad i rekke inkludert båtplass, på Solheim i Florø.

Nordre Instetunet byr på:

  • Moderne hus i funkis-stil
  • Eigen båtplass i Instetunet småbåthamn
  • Unik sjanse for eige naust
  • Sørvendte bustader med flott utsikt mot Solheimsfjorden
  • Store vindusflater gir lyse og trivelege buforhold
  • Kort veg til populært turområde
  • Kort veg til badeplass

Fjord og sol
Bustadane ligg solrikt og lunt, med fantastisk utsikt ved Brandsøyvegen. Nyt sola og den flotte utsikten over Solheimsfjorden frå din eigen sørvendte terrasse.

Her er gode moglegheiter fiske og bading i fjorden. Instetunet har felles strandlinje som grensar til eit grøntområde avsett til badeplass med fin, kvit sandbotn. Svaberg langs fjæra innbyr til late dagar med piknik, soling og avslapping. Området er barnevennleg, med flotte friområde som lokkar til leik. Det er kort veg til nyoppussa skule og barnehage. Gangavstand til busstopp.

Ut på tur
Florøfolk sitt mest populære tur- og rekreasjonsområde – Brandsøyåsen – kjent for si flotte utsikt over Florø by og storhavet i vest, ligg like ved. Om du føretrekk ein trimtur eller ein skogstur med familien så finns det eit mylder av fine turstiar rett utanfor huset.

Eigen båtplass inkludert
Inkludert i huskjøpet på Norde Instetunet følgjer det eigen båtplass i småbåthamna. Her kan ein også kjøpe seg naustplass i tillegg. Å rusle ned til eigen båtplass for ein båttur med familien eller ein kajakk- eller SUP-tur etter jobb, er ikkje lenger berre ein draum. Alt ligg til rette for å nyte både sjøen og strandlinja rett ved stovedøra.

Fakta

Nordre Instetunet

  • Tal etasjar: 2
  • Bustadtype: Einebustad i rekke, inkl. båtplass
  • Eigarform: Sjølveigar
  • Parkering: Asfaltert oppstillingsplass + carport
  • Ferdigstilling: 2 første desember 2023
  • Primærareal over to etasjar: 98 m2
  • Carport: 20 m2
  • Totalt BRA: 118 m2
  • Altan 15 m2
  • Båtplass 3 x 6 m

PRIS: kr 4 490 000 

FINN-kode 295593446

Kontakt oss

Naust og båtplass i Instetunet - fanevik.no
Kontakt oss
for ein uforpliktende prat