INSTETUNET – Einebustad nr 19 og 20 med garasje

Mesterhus Melinda er ein romsleg og moderne einebustad med open og praktisk planløysing, store vindusflater og eit moderne designuttrykk.

Dette er draumeheimen for deg som ønskjer eit moderne hus med open og praktisk planløysing, og godt utnytta plass. Mesterhus Melinda har ein spanande fasade med blanding av ståande og liggande panel, og eit flott glassrekkverk rundt balkongen. Dei store vindusflatene slepp inn mykje lys og gir flott utsikt. Terrassen med utgang frå TV-stova, og den stilige balkongen i andre etasje, sørger for lett tilgang til hyggelig uteliv.

Totalt bruksareal er på 150 m² inkl. garasje. Huset har ei klassisk og fin romdeling med kjøkken, stove, bad og gang i første etasje. I underetasjen er det tre soverom, bad, vask/bod og TV-stove med eigen utgang til hagen.

Hovudinngangen har eit praktisk overbygg, og herifrå er det lett tilkomst til utvendig bod med god plass til å oppbevare diverse utstyr. Rett ved sida av boda finn du garasjen på ca. 20 m2. Når du går inn i huset, kjem du først inn ein gang med stor plass til garderobe. Den opne kjøkken- og stoveløysinga er avskjerma frå gangen med ei skyvedør. Frå den luftige stove/kjøkkenløysinga, kan du gå ut på ein stor altan på 11 m2.

Underetasjen har tre romslige soverom, i tillegg til eiga TV-stove med utgang til hagen. I underetasjen er bad og vaskerom delt i kvar sine rom, mens det i første er eit eige lekkert, stort bad. Det er med på å gjere dette huset heilt perfekt for alle livsfasar.

TEKNISKE DATA:

TOMTEFORHOLD: Skrå
BEBYGD AREAL: 125 m²
AREAL PRIMÆRROM: 139 m²
BRUKSAREAL TOTALT: 150 m²
STØRSTE LENGDE: 10.2 m
STØRSTE BREDDE: 10.9 m
BRUKSAREAL U.ETG: 73 m²
BRUKSAREAL 1.ETG: 73 m²
ANTALL ETASJER: 2
ANTALL SOVEROM: 3
ENERGIKARAKTER: C
Kontakt oss
for ein uforpliktende prat