Klima og sjansen til å bygge nytt lokka oss til Instetunet
Dei to sjukepleiarane, Andreas Bræck (28) og Caroline Halvorsen Kringstad (26), har flytta frå Førde til Florø – og er strålande fornøgde med å bu i Nordre Instetunet. Her har vi sol heile dagen, og vi slepp den sure nordavinden som ein finn overalt elles i Florø. Klima, ønskje om å bygge nytt og Caroline si erfaring med å bu på denne sida av Florø vart avgjerande for å busette seg akkurat her.
BESTE KLIMA I BYEN
For meg er dette å flytte heim, smiler Caroline, og fortel at det å ha foreldra og familien i nærleiken var avgjerande for å flytte til Florø. Elles er dei begge opptatt av at det er her ein finn det beste klimaet og den beste utsikta i kystbyen. Sjøutsikta er viktig, seier Andreas – og så det å få både garasje og båtplass med på kjøpet. Første steg mot eigen båt er på plass, smiler han fornøgd. Dessutan er det eit veldig ungt miljø rundt oss, skyt Caroline inn. Det er lagt til rette for flotte samlingsplassar i nabolaget, med både leikeplassar og badefjæra, så vi gler oss til å bli betre kjende med familiane rundt oss. Og naboar blir det stadig fleire av i det populære feltet.
LÆRERIK PROSESS
Prosessen med å bygge nytt hus, var heilt ukjent for det unge paret. Vi kan legge til eit nytt fag på CV-en, ler Caroline. Berre betongplata var klar då vi vart involvert i prosessen. Vi har valt ut kvar minste detalj i huset. Det var litt stressande, men og veldig lærerikt. Vi måtte tenke framover, og tenke at ting skal vere funksjonelt og passe til fleire generasjonar. Kanskje skal huset seljast ein gong, det må vi og ha med i tankane. Det har gått med mange kveldar og helgar, sjølv om vi ikkje har tatt i ein spiker. Ja, og så har vi lært at ting tar tid, smiler Caroline lurt.
KJELL & CO STÅR PÅ
Utbyggar Fanevik Bygg har vore veldig på, gjennom heile prosessen. Som med alle byggeprosjekt har det vore ein del utfordringar undervegs, men det meste har ordna seg. Handverkarane stod på dag og natt siste tida, for å levere til rett tid og for at vi skulle bli fornøgde. Kjell Sigdestad, som koordinerer prosjekta til Fanevik svarer på spørsmåla våre til alle døgnets tider – og har stilt på 5 minutt når det trengs.
UTFORDRANDE TID Å BYGGE HUS I
Husprosjektet vårt trefte på den verst tenkelege tida med pandemi og uro i Europa, og leveringsproblem i alle ledd. Hos Fanevik har dei stått på og klart å levere til tross for alle skjær i sjøen. Caroline og Andreas skreiv kontrakt med Fanevik Bygg i oktober, og allereie i januar skaut prisane i vêret. Vi er veldig fornøgde med at prisen frå avtala har stått fast, avsluttar det nyinnflytta paret.
FAKTA om Nordre Instetunet 19
- Bruttoflate på 149 m2, inklusiv garasje og utebod
- Primærflate 120 m2
- Uteplass på begge sider av huset
- Parkeringsplass mot nord
- Hage og terrasse mot sør
- 3 soverom / 2 stover / 2 bad
HAR SETT AV BÅT- OG NAUSTPLASS
Kjell Sigdestad i Fanevik Bygg og Fanevik Tomteutbygging fortel at dei er svært fornøgde med det dei har fått til i Instetunet. Det er blitt eit attraktivt felt på grunn av godt klima og sjansen til å få naust og / eller båtplass. Båthamna ligg godt skjerma med ein solid molo og bølgedempar mot austavêret. Det er mange i Florø som kan tenke seg ein slik plass, men vi prioritetar dei som bur i Instetunet, og kundane våre som bur i nabofelta.
Vi har sjølvsagt sett av naust og båtplassar til nye kundar, som ønskjer å kjøpe hus eller leiligheiter av Fanevik Tomteutbygging i Nordre Instetunet